top of page
Campingsymbol.JPG
Rogn_camping_farge.jpg
Kongeveglogo.jpg

VELKOMEN TIL ROGN CAMPING

Rogn camping ligg langs E16 ved Begna elv, også kalla Storåne. Mange kjem hit for å fiske, gå turar i fjell, skog og mark i nærområdet eller for ei rimeleg overnatting på ferieturen. Rogn camping ligg dessutan ved starten av Kongevegen over Filefjell - eit unikt veganlegg frå 1793.

Rogn camping vart etablert tidleg i 1970-åra av Endre og Guri Rogn. Plassen har åtte campinghytter i lafta stil, med plass til 4-6 personar. Det er også eit sanitæranlegg med dusj, vaskemaskin og diverse utstyr.

 

Dagens eigarar - Kari Birgit Lien og Nils Rogn - ynskjer dykk alle velkomne!

 

 

 

Valdreslogo_farge.png
TURIST I VANG

* Nokre av aktivitetane du kan gjera som turist i Vang
* Some activities as a tourist in Vang
* Einige Aktivitäten als Tourist in Vang
* Certaines activités comme un touriste dans Vang
* Algunas actividades como un turista en Vang

UTFORSK OMRÅDET

Når du er komen til Rogn camping, vil du sjå at naturen skiftar preg frå skogkledde åsar til fjell som strekkjer seg opp mot 1800 moh. Naturen får eit meir vestlandsk preg. Dette vil du særleg merke om du tek ein tur rundt Vangsmjøse.

Kongevegen heile vegen - 5 dagar

Rogn camping er med i bedriftsnettverket for Kongevegen over Filefjell. Her samarbeider me med over 30 andre bedrifter i Vang og Lærdal for å skape blest og trafikk langs denne historiske leia mellom aust og vest. I år er me med på ei femdagars pakke kalla "Kongevegen heile vegen - 5 dagar". Turen startar hjå oss med overnatting på ei av campinghyttene våre. Om morgonen blir det frokost i den om lag to hundre år gamle bue (stabburet) på garden vår, før avreise til starten på Vandredag 1: Kvamskleive - Tyinkrysset. Turen kan tingast på heimesida til Kongevegen over Filefjell.

Bue-I.jpg

Her blir det frokost og smørjing av matpakke på vandredag 1 av pakketuren.

bottom of page