• Facebook Reflection

Tørpegardsvegen 15

2973 Ryfoss

Kontakt oss

Adresse

Vi aksepterer

Følg oss

Tlf. +47 97601655  

E-post: nils rogn@n2u.no

Show More

© 2023 by moonlight Glamping Proudly created with Wix.com

KONGEVEGEN OVER FILEFJELL

Historisk vandrerute

Ein tur langs den gamle kongevegen over Filefjell kan starte frå Rogn camping. Knappe fem kilometer lenger vest langs E16, startar den fyrste etappa. Denne går over Kvamskleive. Etappe to kan starte ved Øye stavkyrkje og gå opp til Tyinkrysset. Tredje etappe blir over sjølve Filefjell, frå Kyrkjestølen til Maristøga. Deretter står fleire strekningar for tur nedover Lærdalen. Les alt om Kongevegen her.

Sommaren 2019 blir Rogn camping med som del av ein pakketur for Kongeveg-vandrarar. Ei tredagars vandring startar hjå oss og endar på vestsida av Filefjell. Les alt om denne pakka på Kongeveg-heimesida.
 

Etappe 1: Kvamskleive. Parkering på rasteplassen ved Neset, der det er infotavle om den 4,7 kilometer lange turen fram til Søndrol oppe i Vang. Gangtida kan variere mellom 1-2 timar avhengig av kor ofte ein stoppar for fotografering og studering av det imponerande veganlegget som var i bruk frå 1808-1862. Ein stopp i det gamle Kvamstunet kan også fort ta litt tid. Les om turen her: KVAMSKLEIVE


 

Etappe 2: Øye stavkyrkje - Kyrkjestølen. Frå Øye stavkyrkje må ein følge E16 opp til Øvre Dalen, og ta Strøndafjordvegen på vestsida av Strøndafjorden. Under er ein bildeserie frå delar av strekninga. Les meir her

Etappe 3: Kyrkjestølen - Maristøga. Dette er høgfjellsetappa på Kongevegturen. Det høgaste punktet ligg på 1200 m.o.h. Meir om turen kan lesast her.

Brei veg.

Meir enn 200 år gamal veg.