VÅR HISTORIE

Rogn camping vart etablert på eit jorde på vestsida av elva omkring 1970 av Guri og Endre Rogn. Ni maskinlafta hytter i stabburstil vart bygd, og turistane strøymde til.

Postkortmotiv av Rogn frå 1902.
Postkortmotiv av Rogn frå 1902.
Som postkortmotivet 110 år seinare.
Som postkortmotivet 110 år seinare.
Området ved Rogn camping.
Området ved Rogn camping.
Mot Kvamskleive og Grindadn.
Mot Kvamskleive og Grindadn.
Hensfjellet frå Kvismoen.
Hensfjellet frå Kvismoen.
Elvekajakk i Begna.
Elvekajakk i Begna.
GARDEN

Garden Rogn - eller Røgn på dialekt - har ei historie tilbake til 1500-talet, minst! Den fyrste kjente brukaren Gjermund og kona Berit dreiv garden i 1590-åra. Dei fekk seks born, og same slekta lever framleis på garden.